Hei, det er våren som ringjer! Kødda! Det er S-O-M-M-A-R!

Då er påsken overstått, hyttefolket har overlevd (det er alltid farleg å koma med slike generelle påstandar – eg har null belegg for det, altså, men eg baserer meg på superenkel forsking: det er opptil fleire som har lagt ut skrytebilete av vinglas på hytta), og jula har stått opp frå dei døde og fare igjen. Eit par gonger. I april. Berre for å gjera det ekstra spanande. (Nokon skulle kanskje informert vêrgudane om at «Finn bilen» ikkje vil vera like gøyal for dei å leika når bileigaren ikkje har nokon stad å skulla, men eg skjønar jo at dei kan finna glede i å sjå oss bruka ein heil dag på å måka snø, for så å gjera at snøen smeltar igjen dagen etter.)

Der eg vaks opp, var det ikkje nokon snø som smelta og sleppte våren til. Snø var, om ein hadde flaks det året, noko ein såg langt oppe i skylaget på føremiddagen julaftan. Og medan håpet om ein ekte, julete aketur steig i ein, smelta kvar ein snøkrystall og vart til dropar på vegen ned. Då eg var fem fekk eg æra av å laga mi eiga julestrømpe, av raud filt og med sirlege sting rundt kanten, som eg nesten greidde å sy heilt sjølv. Eg dekorerte den med grantre, og eg klypte ut nokre blå, uformelege klattar som vart limte mellom trea – vasspyttar, sjølvsagt. Det var nokså eksakt oppfatta og framstilt òg. Ein vart van med å jobba litt for den der julestemninga når ein vaks opp i ein vestlandsk, inkontinent fjordtarm. Men alltid like stas var det då nissen dukka opp i den vasstrekte huva si og påstod at han hadde både slede og reinsdyr ståande oppe på hustaket. (Eg har i alle fall vorte god på å gjennomskoda når det til dømes står i prospekt at «eigedommen ligg i eit frodig grøntområde» – det tyder at det ausar ned mesteparten av året!)

Når ein så kom til det stadiet på året som ein kallar vår, vart dei overskya timane med regn sakte færre, og stundene med sol fleire. Solstrålane nådde lenger og lenger, lokka fram kvitveisen, bekkeblomen, falda ut bregnene, fekk mauren travelt oppteken i lange stigar og gav meitemarken, som hadde flykta frå regnmengdene og opp på asfalten, ein etterlengta lunk.

Slik er det ikkje på Nordmøre. Hordalendingen i meg ventar på at dagane med regn skal gå over, at det sakte skal letna – men nei: Nordmøre har eit anna opplegg… Det snør, det snør, det smeltar, det snør, det regnar, haglar, sluddar, snør! Du legg deg om kvelden, med ekstremnedbør piskande mot vindauga, og vaknar til BAM: SOMMAR! BAM: Sommarfugl! BAM: Humler og bier! BAM: Mygg! Og ikkje gløym flåtten (eller påten, som han heiter på desse trakter) – han er sjølvsagt lynraskt på pletten og har kartlagt kvar einaste markblomst med potensiale for å bli plukka av ei saftig barnehand! Kvar kom dei frå, alle desse her, tenkjer eg forundra og landar i solveggen. Skulle kanskje vurdert å ta meg eit bad i fjorden med det same – eg som er oppseda med at det gjer ein jo, når kalenderen seier at ein skal det – berre for å oppdaga at det er den einaste staden som då sjølvsagt IKKJE har skjøna at det er SOMMAR NO! Eg har liksom alltid sett på nordmøringane som eit roleg og fåmælt folk. Men sommaren dykkar – han ROPAR!

Og no innser eg altså, at det er denne ropande sommaren, (som mest truleg, basert på erfaring, kjem til å koma med nokre hutrande tilbakefall midt på den tida i juli når ein tenkjer at det skal vera varmast), skal vera tilhaldsstaden min så lenge han varar. Før det BAM: Slår over til alle-årstider-på-ein-dag igjen.

Eg skal ikkje på storbyferie. Eg skal ikkje til Italia og late dagar i ein landsby. Eg skal knapt til velkjende trakter ved Bergen. Me skal vera heime. Naboane skal vera heime. Det er uvant. Det minner meg om somrane då eg var liten. Eg har lurt på korleis det var mogleg å få til dei utruleg lange sommardagane. Som starta berrføtt på gras med dogg i, held fram med sykkeltur og robåt, svaberg og hyttefolkspionasje (ja, for oss som bur der folk har hytte, er det noko særs eksotisk med desse ferierande hyttefolka som ofte har bydialekt og vanar som me ikkje heilt forstår), og is frå butikken på kaien.

Har somrane vorte kortare? Er det det paniske hastverket mitt for å få opplevd og nytt mest mogleg av denne – for ein vinterhatar – etterlengta årstida, som òg har gjort at dagane krympar? Det har eg diverre ikkje plass til å gå inn på her. No har eg faktisk akkurat nok plass til å drøyma litt om lukkelege sommarkveldar med kalde bobler inn i solnedgangen – eg skåler på god avstand med naboen på den andre sidan av vegen, som òg sit på verandaen sin og ser på den same solnedgangen. Der sit me, åleine saman, akklimatiserte innflyttarar, og ropar til kvarandre: Flott, eller kva? Skål – FOR SOMMAREN!