Eg er ein del av ei eksklusiv gruppe. Eg er uviss på om dei åtte prosentane eg tilhøyrer, toler dagens lys.

Kan henda me er vampyrar. Eller kan henda me er det motsette. I motsetnad til dei nittito andre prosentane, er me nemleg ikkje opptekne av å suga til oss noko som helst frå kjernen i denne talleiken: FRILUFTSLIVET. «Vi nordmenn liker oss utendørs. Ni av ti nordmenn går på tur eller driver andre former for friluftsliv, og vi gjør det i gjennomsnitt to til tre ganger i uka. Bare 8 prosent deltar ikke», skriv direktøren i Miljødirektoratet i avisene den nest siste dagen i mars i år. Overskrifta er sågar «Kom deg ut!» Med utropsteikn. Ein kommando. Definitivt eit meir moralistisk enn humoristisk supplement til den statlege meldinga om å «halda dykk inne».

Det er ikkje slik at eg ikkje likar å vera i naturen (alle gode standpunkt er bygde med dobbel nekting). Men stundom får eg opplevinga av at det finst rette og feile måtar å vera det på: Eg må hugsa på at det handlar om «å være aktiv». Det er dokumentert at friluftsliv «gir mindre stress, færre bekymringer og lavere blodtrykk». Mhm, eg prøver å tenkja på det dei gongene eg har drista meg til å gå i kø på sundagstur, ete den obligatoriske appelsinen (vorte klissete på hendene), drukke altfor varm kakao (ungane brenn seg og søler den brune drykken ut i snøen og på kleda som dei skal ha på seg heile vegen ned att til bilen), og sjølvsagt avslutta med klisjeen av ein Kvikklunsj som har lege i lomma og smelta på turen opp. Hugs: Det er viktig å verta sveitt av rett grunn.

Det er ikkje alle av oss som har fjellvatn i årene, leirbålflamme i auga og tekniske turklede. Og kan henda passar eg betre som inventar ved eit kafébord. I kaoset på heimekontoret, med ein massiv straum av nyhende, finn eg stundom ei forteljing som fangar merksemda mi. Litt som då eg som fjortis i fjordbygda, gjekk opp på åsen min, sette meg på stubben min, såg utover blått i blått, og lytta. Eg kan ikkje vita kva den vesle fuglen tenkjer, kva han har føre, men i ein kort augneblink ser han meg og eg ser han, og me er del av det same. Kanskje det er på tide å finna meg ein ny stubbe.

Segna om biletet av ro

Det var ein gong ein konge som hadde det så travelt. Han sprang frå regjeringsmøte til komitear, frå festopningar til avslutningar – alle ville ha ein del av han: «Hugs møtet i morgon!», «Me gler oss til å sjå deg neste veke!», «Kunne me ha teke ein prat om budsjettet?»… Kongen kjende det stundom som om hovudet skulle sprengjast.

Ein dag tenkte kongen at han så gjerne skulle hatt eit bilete av RO på veggen sin. Då kunne han sjå på det biletet kvar gong han trong å kjenna ro. Så, kongen lyste ut ei tevling: Den som kunne laga det biletet som best fekk fram kjensla av ro skulle få både gull og grøne skogar. Det kom inn bidrag frå heile landet. Det var fantastiske solnedgangar, vakre dyr, granskog med sus i, stolte fjell, og vatn som ein berre kunne ana djupna i. Kongen hadde sett saman ein komité som skulle hjelpa han med å velja det rette biletet. Til slutt sat dei att med to bilete:

I det eine biletet hadde ein diger foss fått plass midt på. Det var som om ein kunne kjenna gufset og høyra bulderet av dei enorme vassmengdene som brøyta seg fram nedetter fjellsida. Det andre viste ein vedunderleg hage med frodige frukttre, omkransa av ein hekk med friske grøne lauv som nærast glitra i solskinet, og oppetter ein mur som hadde levd eit langt liv, vaks dei nydelegaste lyseraude klatrerosene.

«Det biletet vil eg ha», sa kongen – og peikte på biletet av fossen. Ein kan då ikkje seia til ein konge at han peikar feil, men det var nett det komiteen heldt på å gjera. «Unnskyld, konge, kan det henda at De tenkte å plassera peikefingeren Dykkar på dette biletet, men at den landa der i staden?» «Nei, det er dette biletet eg vil ha,» sa kongen og lyfta biletet opp frå bordet det låg på, gav det til ein tenar og bad han om å hengja det opp på den største veggen i rommet. Medlemene i komiteen sukka og okka seg – sånn heilt stille, og lurte på kva effekt kongen sitt ytst elendige val av bilete kom til å få for brandingstrategien og handelssamarbeida til nasjonen.

Då var det at den yngste komitémedlemen prikka komitéleiaren på skuldra, peikte opp på biletet og sa: «Sjå der…» Og då kunne dei sjå det, alle saman: På ei fjellhylle attmed fossen, hadde ein liten fugl bygt reiret sitt. Der sat han, heilt roleg, i sitt eige rom, av kvist og strå og dun.

(Fritt etter ei kinesisk forteljing. Utdrag frå teaterframsyninga «Det stille rommet i den ville verda», utarbeidd av Unn C. Fyllingsnes, Kyrre Slind og Audun Austli, 2018.)