Livet er kulare på bygda.
Kraftverk er
ei kultur- og utviklingsverksemd som held til i nordmørskommunen Tingvoll. Målet vårt er å bidra til auka livskvalitet på bygda ved å nytta potensialet* til staden og skapa opplevingar, kunnskapsutveksling og prosjektutvikling gjennom samarbeid mellom lokale og regionale aktørar.
HELS PÅ KRAFTVERK!
Kraftverk vart starta av Synnøve Nes og Unn C. Fyllingsnes i januar 2017. Her får du nokre stikkord om kven me er.
Om du vil lesa meir om kva me tenkjer på eller arbeider med, sjekk under Kraftverk skriv.
![](https://www.kraftverktingvoll.no/wp-content/uploads/2018/10/synnove.jpg)
SYNNØVE NES
Synnøve har bakgrunn som journalist, dokumentarist og medielærer. Hun kommer opprinnelig fra Nes på Hedmark, har jobbet på fiskebåt i Barentshavet, laget dokumentarfilm i Afghanistan og gjort feltarbeid i regnskogen i Panama. Synnøve er skrekkelig opptatt av kvalitet på bygda og hennes nøkkelord er engasjement, formidling og smarte løsninger.
Synnøve er for tiden prosjektleder for Tettstedutvikling i Tingvoll.
![](https://www.kraftverktingvoll.no/wp-content/uploads/2018/10/unn-1.jpg)
UNN CATODOTTER FYLLINGSNES
Unn har teaterbakgrunn, er utdanna skodespelar og forfattar og driv mellom anna med omsetjing og språkvask. Ho kjem opphavleg frå Eikangervåg i Nordhordland, har vore krumkakesteikjar i omreisande økoisbil, lege flytande i isvatn og vorte brent på bål i filmkunstens namn, og spelt eit par hundre framsyningar i Den kulturelle skulesekken. Unn er oppteken av historieforteljing, ordkunst og å finna gull der andre ser gråstein.
Unn er for tida dagleg leiar i Tingvoll Økopark.
Kraftverk vil gjerne høyra frå deg!
Har du spørsmål eller innspel?
Tenkjer du at Kraftverk kan vera ein aktuell samarbeidspartnar? Send oss ein førespurnad, då vel!