PECHA KUCHA TINGVOLL

Kraftverk har lenge hatt lyst til å testa ut arangementskonseptet PechaKucha – og no har me fått lisens! Tingvoll er godkjend offisiell «PechaKuchaCity»! 

PechaKucha er ei presentasjonsform og ein type arrangement starta av Astrid Klein og Mark Dytham i Tokyo i 2003. Kvar deltakar får til saman visa fram 20 bilete og prata om kvart av dei i 20 sekund før dei må vidare til neste, også kalla ein «20×20-presentasjon». Dette blir i alt 6 minutt og 40 sekund per deltakar eller gruppe. PechaKucha Nights er uformelle i stilen og blir særleg brukt for å dela kreative idear og prosjekt, gjerne innan fag eller forsking. Det er ingen reglar for kva ein kan prata om, og kvelden blir akkompagnert av DJ-ing, god drikke og levande musikk – vi likar stikkorda «Thinking & Drinking»!

Kraftverk presenterer i fyrste omgang 4 PechaKucha-kveldar i samarbeid med Drøpping kafé: to hausten 2019 og to våren 2020. Arrangementa vil bli annonserte på www.facebook.com/kraftverktingvoll og https://www.pechakucha.com/cities/tingvoll

   

NYHETSBREV

2018 © KRAFTVERK. Innhold på dette nettstedet kan ikke kopieres uten samtykke. Grafisk utforming: petchy.no. Foto: Tommy Rustad.